Mario Vargas Llosa

Eg har byrja å lese ei bok av ovennevnte. Rigobertos dagbøker heiter den. Eg hadde ingen prefreransar før eg byrja å lese boka. No har eg lese ca. ein tredel. Eg har jo byrja å stusse på kva forfattaren vil med å skrive denne boka, og då kom jo også spørsmålet om kvifor vert bøker skrevne? Er dei rein underhaldning for lesaren eller har forfattaren noko meir på hjarta. Når eg no sit her å skriv ned desse spørsmåla så kjem det jo fleire svar til meg enn dersom eg berre tenkjer på spørsmåla i hovudet mitt. Nokre bøker er nok skrevne kun for underhaldninga sin del, og nokre har «meir» å by på. Eg skreiv meir i anførselstekn då rein underhaldning skal ein jo ikkje kimse av. Når det gjeldt Rigobertos dagbøker så trur eg nok Varga Llosa har meir på hjarta enn kun å underhalde meg som lesar, men eg må innrømme at eg googla tittelen på boka for å finne nokre andre si forklaring på kva det handlar om. Erotikk og kunst og skandaløse tema og haldningar er tema som omtalast i denne boka.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *