I dag freista eg å gjere noko med «about me» sida. Ville endre på biletet. Freista å berre endre det i wordpress. Men sida ville ikkje oppdatere med det nye biletet. Kanskje eg skal freiste å gå i mediabiblioteket fyrst å redigere det der før eg gjer noko med sjølve sida. Hmm…..det må freistas. I tillegg var det noko nederst på den sida som var kontaktdata til meg. Det fann eg ikkje. Kanskje dei opplysningane ligg i sjølve tema som nettstedet vert oppdatert/redigert på. Nok om da. Idag skal eg kjøpe ein komfyr. Det vert ein oppgåve eg kun ser utfordringar med, men då vert det viktig å ta ein oppgåve om gongen. Eg har bestillt bil og komfyr og avtalt levering så fokus på ein ting om gongen 🙂
Mario Vargas Llosa
Eg har byrja å lese ei bok av ovennevnte. Rigobertos dagbøker heiter den. Eg hadde ingen prefreransar før eg byrja å lese boka. No har eg lese ca. ein tredel. Eg har jo byrja å stusse på kva forfattaren vil med å skrive denne boka, og då kom jo også spørsmålet om kvifor vert bøker skrevne? Er dei rein underhaldning for lesaren eller har forfattaren noko meir på hjarta. Når eg no sit her å skriv ned desse spørsmåla så kjem det jo fleire svar til meg enn dersom eg berre tenkjer på spørsmåla i hovudet mitt. Nokre bøker er nok skrevne kun for underhaldninga sin del, og nokre har «meir» å by på. Eg skreiv meir i anførselstekn då rein underhaldning skal ein jo ikkje kimse av. Når det gjeldt Rigobertos dagbøker så trur eg nok Varga Llosa har meir på hjarta enn kun å underhalde meg som lesar, men eg må innrømme at eg googla tittelen på boka for å finne nokre andre si forklaring på kva det handlar om. Erotikk og kunst og skandaløse tema og haldningar er tema som omtalast i denne boka.